Hopp til innhold

Kan eg undervise om 22. juli for barneskuleelevar?

Mange lærare i barneskulen lurar på om det er greitt å undervise om 22. juli til sine elevar. Etter kvart som terroråtaket ligg lengre bak oss i tid, merkar vi auka førespurnad om undervising frå mellomtrinnet. Mange barn har høyrt om 22. juli frå ung alder, dei har sett filmar om 22. juli eller plukka det opp på barne-tv eller i avisar for barn. Når elevane dine byrjar å spørje om 22. juli, tenkjer vi at det er greitt å byrje å ta for seg tematikken, men då på ein måte som er tilpassa elevgruppa.

På denne sida finn du nokon tips til korleis du kan gå fram, men hugs at det er du som kjenner elevane dine best, og du må tilpasse deretter. Vi har eitt spesielt viktig tips når det kjem til kor detaljert du skal vere i undervising om 22. juli på barneskulen: Du treng ikkje å fortelje alle detaljar – du bør som regel ha kjærleikforteljinga og samhaldet i fokus. Når elevane dine spør, skal dei likevel få svar, men det er ikkje sånn at du treng å gje alle detaljer. Vår erfaring er at jo yngre elevane er, jo meir detaljerte er spørsmåla deira. Det kan kanskje opplevast overraskande eller ubehageleg, men får elevane ikkje svara frå deg, vil dei lett finne opp sine eigne svar. Vi skal vere trygge vaksenpersonar som lyttar og gjer svar der vi kan.

Forslag til arbeidsmåtar og sluttprodukt

  • Bruk gjerne ressursen over.

  • Bruk rettleiinga «Korleis snakke med barn om vanskelege tema» og «Korleis å snakke med barn om 22. juli». Desse finn du i lista over nedlastbare dokument under.

  • Bruk barneteikningar som utgangspunkt for å snakke om hendingsrekkja og motiv – sjå i lista over nedlastbare dokument under.

  • Bruk gjenstandar som roser, brev og bamsar for å snakke om respons og samhald etter 22. juli.

  • Bruk kunst frå Regjeringskvartalet som eit utgangspunkt for å tematisere 22. juli. Eit døme er Grass Root Square. Kunstverket kan nyttast for å snakke om samhald og demokrati. Ta til dømes utgangspunkt i ein av dei grøne menneskestatuane. Dikt opp ei forteljing om denne personen. Kven er hen i felleskapen, og korleis kan vi inkludere denne personen?

  • Bruk videoklipp i undervising – Supernytt har tematisert 22. juli.

  • Elevane kan intervjue foreldre eller andre eldre familiemedlemar som hugsar 22. juli. Korleis høyrde dei om det, kva tenkte og opplevde dei då åtaket hende og i tida etter? Dersom foreldra ikkje budde i Noreg i 2011, kan elevane spørje dei om når og korleis dei høyrde om 22. juli, og kva dei tenkte då.

  • Elevane kan til dømes lage eigne minnesmerke eller minnekunst. Dei kan óg skrive eit brev eller teikne ein teikning til ein tenkt overlevande eller etterlaten etter 22. juli. Desse arbeidsmetodane er gode for å arbeide med sterke inntrykk og for å skape ei oppleving av at elevane bidreg.

Samfunnsfag

Etter 4. trinn

  • presentere menneskerettar og rettar barn har, og reflektere over kvifor desse rettane fins
  • samtale om identitet, mangfald og fellesskap og reflektere over korleis det kan opplevast ikkje å vere ein del av fellesskapet
  • reflektere over kven som har makt, og kva eit demokrati er, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å påverke avgjerder

Etter 7. trinn

  • samanlikne korleis ulike kjelder kan gi ulik informasjon om same tema, og reflektere over korleis kjelder kan brukast til å påverke og fremje bestemte syn
  • utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
  • drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
  • samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land
  • reflektere over korleis ein sjølv og andre deltek i digital samhandling, og drøfte kva det vil seie å bruke dømmekraft sett i lys av reglar, normer og grenser

Kristendom, religion, livssyn og etikk

Etter 7. trinn

  • gjøre rede for hva menneskerettighetene innebærer for ytringsfrihet, religionsfrihet og religiøse minoriteters situasjon i Norge

Kunst og håndverk

Etter 7. trinn

  • utforske og reflektere over hvordan følelser og meninger vises i kunst, og bruke symbolikk og farge til å uttrykke følelser og meninger i egne arbeider

Relevante ressurser

Ikon av en fil
Hva er ekstremisme? Hvordan kan vi kjenne det igjen? Hva kan vi gjøre for å skape et godt samfunn for alle? Hvordan kan vi kjempe mot ekstreme holdninger og handlinger?

22. juli-senterets kildeoppgave kan tilpasses mellomtrinnet ved å bytte ut kilder med noen som er mer egnet for målgruppen:

Samtale med forsker i pedagogisk-psykologi Jon-Håkon Schultz og forfatter Thomas J.R. Marthinsen i regi av 22. juli-senteret

Tre personer sitter i en panelsamtale. Til høyre ses en skjerm med en utydelig portrett, og bak pannelistene en roll-up med 22. juli-senterets  logo.
Samtaler med barn 10 år etter.

Barneskole (bokmål)