Velkomen til eit gratis opplæringstilbod for elevar i 9. og 10. klasse frå skular i heile Noreg. Tilbodet består av eit tredagarsseminar i 22. juli-senteret og på Utøya, følgt opp av elevstyrte aktivitetar på skulen. Målet er å styrke elevar sine demokratiske haldningar, verdiar og ferdigheiter for å førebyggje hatefulle ytringar, antidemokratiske kreftar og ekstremisme.

22. juli og demokratisk medborgarskap

Etter 22. juli 2011 har Utøya vorte eit viktig symbol på at demokratiet er noko som må skapast og forsvarast kvar dag. Ved å styrkje demokratisk kompetanse hos unge menneske, og gje dei moglegheit til å vere positive rollemodellar som kan lære og inspirere medelevar, bidreg samarbeidsprosjektet Demokrativerkstad til å utvikle demokratisk beredskap hos ungdom. Gjennom tre dagar i Regjeringskvartalet og på Utøya får elevar og lærarar verktøy til å snakke om 22. juli og bringe demokratilæring inn i klasseromma.

Tilbodet er gratis, og arrangørane dekkjer reise og opphald.

Kvar skule deltek med tre elevar og éin lærar.

Er dette interessant for din skule? Gå inn på Demokrativerksted.no for å lese meir og sjå ledige datoar for påmelding!

Eit samarbeidsprosjekt

Tilbodet organiserast av Det Europeiske Wergelandsenteret i samarbeid med 22. juli-senteret, Utøya AS og Raftostiftelsen.