22. juli-senteret ønskjer å vise korleis det å undervise om terroråtaket 22. juli både mogleggjer arbeid med dei tverrfaglege temaa, samstundes som elevane får arbeide med fleire av kompetansemåla i ulike fag. Vi har laga ein oversikt til faglærare i grunnskulen og videregåande skule over kva slags kompetansemål som er relevante for 22. juli, saman med forslag til faglege tilnærmingar i det enkelte faget. Vi har óg laga ein kort innføring til korleis lærarar kan arbeide fleirfagleg og tverrfagleg, med viktige punkt å tenkje gjennom før ein iverksett eit slikt arbeid.

Terroråtaket 22. juli 2011 vart for alvor sat på dagsorden i forbinding med innføringa av dei nye læreplanane. Terroråtaket er nemnt eksplisitt i det tverrfaglege temaet demokrati og medborgerskap for samfunnsfag i grunnskulen, men undervising om 22. juli kan òg omfatte andre delar av dei tverrfaglege temaa og kompetansemåla i grunnskulen og i videregåande skule.