Hopp til innhold

Frå informasjonssenter til minne- og læringssenter

22. juli-senteret vart etablert som eit mellombels informasjonssenter i Høgblokka 22. juli 2015 – fire år etter terroråtaket i 2011. Støttegruppa og AUF var initiativtakarar til at det skulle byggjast ei utstilling i regjeringskvartalet medan ein venta på ein nasjonal minnestad.

Senteret vart etablert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og låg fram til 2019 under Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon. Frå 1. juli 2019 er 22. juli-senteret ei verksemd underlagd Kunnskapsdepartementet.

«22. juli vekkjer debatt og sterke kjensler. Vårt mål er at 22. juli-senteret skal verte ein stad for refleksjon og læring. Som samfunn er vi nøydd til å minne oss sjølv på tragedien – for å unngå at den rammar oss igjen.»
Jan Tore Sanner, Kommunal- og moderniseringsminister.
Opningstale i 22. juli-senteret, 22.07.2015.

Undervisingsprofilen til senteret har vorte betydeleg styrka i laupet av åra som har gått. I dag er 22. juli-senteret eit nasjonalt senter med eit tydeleg samfunnsoppdrag. Det er òg ein viktig del av minne- og læringsaksen frå Regjeringskvartalet til Utøya.

På grunn av rehabiliteringa av Høgblokka, måtte senteret stengje dørene for besøkande 15. desember 2019. 27. juni 2020 opna 22. juli-senteret i dei mellombelse lokala i Teatergata 10. Bygget er ein del av det større regjeringskvartalet, og ligg overfor Helse- og omsorgsdepartementet – eit steinkast unna åstaden.

22. juli-senteret skal plasserast i Høgblokka når det er ferdigstilt.

Bokmålsversjon